|
|
| Historie/utviklinga
til Østerbø Maskin as: |
| 1970-1979 |
- 1974
Første del av verkstaden vart bygd og ein del utstyr kjøpt
inn. Hovudsakleg til eige bruk i gardsdrifta. Det vart og ein
del arbeid for naboar med vedlikehald og service. Men sidan det
var lite med vegforbindelsane vart det ikkje så stor kundemasse,
og omsetninga vart heller låg.
|
- 1976
I 1976 vart vegen til Bjordal opna og året etterpå
brua over Ikjefjorden. Då vart kundegrunnlaget noko heilt
anna og omsetninga auka med over 100% kvart år.
- 1977
I 1977 registrerte eg meg i meirverdiavgiftsregisteret og handelsregisteret
i ytre Sogn.
|
| 1980-1989 |
- 1981
I 1981 tilsette eg den første medarbeidaren, og omsetninga
runda ein million.
- 1982
Me gjekk til innkjøp av den første servicebilen,
før var det privatbilen som vart brukt.
- 1983
Firmaet skifta namn frå Arne Østerbø Reparasjonsverkstad
til Østerbø Maskin.
|
- 1985-1987
I 1985 begynte me å planlegge nybygg, og i 1987 hadde me
planane klare med et bygg på 500 kvm til ein kostnad på
vel 2 mill. Men på grunn av at dei økonomiske utsiktene
begynte å sjå dårlege ut, vart desse planane
lagt på is.
- 1988
Me kjøpte 11 anleggsbrakker som me monterte saman med skikkeleg
tak, desse vart brukt til kontor, butikk, lager og personalrom.
Etter dette hadde me ca. 450 kvm under tak, med tillegg av lagerskur
på "Røysa" på 180 m2.
- 1989
Etter innflyttinga i 1989 vart det innkjøpt dataanlegg
(Pengvin) og diverse kontorutstyr, slik at bedrifta fekk eit meir
proffesjonelt preg.
|
| 1990-1999 |
- 1993
Dataprogrammet vart utskifta til «Multisoft» noko
som var ei stor forbetring, med mulegheit for lagerstyring og
struktur for produksjonsstyring.
- 1994
Kvalitetssikring i samsvar med ISO 9002 vart starta opp. Dette
i regi av Høyanger Næringsutvikling og Hydro Aluminium.
Dette vart gjennomgått av Hydro og funne tilfredstillande.
Internkontroll / HMS er innbakt i kvalitetssikringa med eige kapittel
/ arbeidsperm.
- 1997
Januar 1997 flytta me inn i ny verkstad og kontor, dette hadde
mykje å seie for arbeidsmiljøet då det var
veldig trongt der me var. Me har no ca 400 m2 isolert verkstad
og ca 350 m2 kaldlager i det nye verkstadsbygget. Vidare er det
ca 120 m2 med kontor / butikk knytt opp mot gamle butikken. Totalt
ca 1200 m2 med det gamle. Me gjekk til innkjøp av ein del
større maskiner. Platesaks, Kantpresse for stålplater,
valse og diverse anna spesialverktøy, så no kan me
ta på oss meir avanserte jobbar.
Pr. desember 1997 er me 9 tilsette, dei fleste med fagbrev
og diverse sertifikat. Mellom anna: sveisesertifikat, sakkyndig
løfteutstyr, kranførar, meisterbrev kjølemontør,
el-reparatør.
|
- 1998
I mars vart installasjonsfirmaet Ing. Åge Førde oppteke
i vårt firma. Ing. Åge Førde vart deltidstilsett
som Installatør gr L, og me fekk autorisasjon som el-installatør,
dette med tanke på at me no kan tilby totalvedlikehald til
industrien og andre, både mekanisk, kjøleteknikk,
røyrlegging, automasjon og elektrisk.
Pr. mars 1998 er me 12 tilsette fordelt på ca 10 årsverk.
Grunna stadig vekst var det på tide med tydeleg ansvarsfordeling
og organisering . Verkstadformannen fekk fullt ansvar for at
alle på verkstaden har arbeid, bestiller reservedeler
og har ansvaret for tilboda på prosjekter. Butikksjefen
står for sal og kundebehandling, lagersjefen bestiller
inn og har ansvaret for lagerstyringa osb.
Dette verka godt, omsetninga auka så me greidde eit lite
overskot for første gang sidan nybygget var ferdig.
- 1999
I januar melde me oss inn i bedriftshelsetenesta og arbeidde med
å oppdatere HMS programmet.
I september omorganiserte me firmaet igjen, fordeling av ansvar
vart forandra. Steinar Holen er tilsett som driftsansvarleg
med totalansvar for dagleg drift, fordeling av jobbar og utarbeiding
av tilbod. Arne Olav Østerbø er framleis dagleg
leiar, med hovudansvar for HMS, det er og andre mindre forandringar.
|
| 2000-> |
- 2000
Året starta med stor pågang på arbeid, me har
allreie vokse ut av nybygget frå 1997, og er i ferd med
å planlegge utviding. 1. mai er me 16 tilsette fordelt på
ca 15 årsverk.
Me innleia eit samarbeid med Backer as i Bergen for produksjon
og montering av utstyr for fiskeoppdrettsflåtar.
Imars selde Arne Olav Østerbø mjølkekvoten
og la ned gardsdrifta i ordiner form (10 mjølkekyr),
så no er det meir tid til Østerbø Maskin
as.
I august kjøpte me inn 3 brakker som me sette saman
og brukte til førebels garderobe og matrom fram til nybygget
står ferdig. Dette vart omtrent det doble i areal av det
me hadde før.
Me er pr. 1. september 18 tilsette fordelt på ca 17 årsverk.
11 oktober hadde me møte med SND, Sparebanken, og Høyanger
næringsutvikling for å diskutere vidare planer.
SND-søknad vart send i årsskiftet 2000/2001
- 2001
Me innleia i 2001 eit samarbeid med Himoinsa i Spania for import
av strømaggregat, då vi ikkje lenger greier å
konkurrere med å bygge dei sjølv.
Februar - mars utvida me området bak verkstaden og forsterka
forbygginga mot elva, som ei tilrettelegging til nybygging.
Juni starta me med grunnarbeidet og betong for ny sveise- og
monteringshall på 400 m2, og i slutten av august var taket
tett. Dette bygget er parallelt med eksisterande bygg, og skal
i tillegg innehalde eit enkelt formannskontor og toalett.
Oktober stod bygget ferdig, og me søkte etter fleire
medarbeidarar. Me har no ca 1600m2 eige areal under tak, og
leiger ca. 400 i tillegg.
- 2002
Dette året inngjekk me avtale med Ausa i Spania for import
av firehjulsdrevne gaffeltruckar.
2002 og 2003 vart to tøffe år. Det var nedgang
i fiskeprisane, Bjordal Sandindustri, Feeding Systems, Fundo
og diverse andre bedrifter fekk betalingsproblem og nokre gjekk
konkurs, og vi tapte mykje pengar. Dette resulterte i at me
fekk problem med å betale våre leverandørar.
- 2003
Men det var og lyspunkt, me fekk mykje arbeid med utbygginga på
Fundamus as frå sommaren 2003, og me fekk tilskot frå
SND og HNU til å utvikle ein båtheis for privatmarknaden,
i samarbeid med Coast Innovation as.
- 2004
Me overtok importen av maskiner og utstyr frå Reform i Austerrike
etter BS maskiner i Førde som gjekk konkurs i 2003.
|
- 2005
I 2005 innleia me et samarbeid med Marine Control i Bergen for
bygging av utstyr for fiskeoppdrettanlegg.
Åge Østerbø bestod installatørprøven
så no er me el-installatør ved hjelp av eigne folk.
I lag med Overflateteknikk as og Statoil utvikla me ein renseunit
for bruk på prosessutstyr på oljeplattformar.
Me har og innleia samarbeid med Sunnfjord engineering as for
produksjon av sertifiserte konstruksjonar i aluminium for løft
på oljeplattformer.
Dette året stramma arbeidsmarknaden seg til so me såg
oss nøydd til å tilsette den første polske
medarbeidaren, då marknaden var støvsuga, spesielt
etter sveisarar.
Me blei etterkvart so mange tilsette at vi måtte utvide
brakkeriggen for kantine og garderobe, den er no på ca
115m2. Me har innført tøfler og "svenske
verneskor" inne, så standaren er heva betrakteleg.
Vi har i dei siste ti - femten åra servert lunch til alle
tilsette, gjerne med ein liten varmrett når det passa.
- 2006
Me vart i 2006 pre-kvalifisert i Achilles for leveransar til oljeindustrien,
frå før var me godkjent i Sellihca som er det same
for energiverka. Me har og søkt og blitt godkjent i Startbank
som er for leveransar til anleggsindustrien.
Me hadde tre mann på sikkerheitskurs for offshore, og
har avtala serviceavtale med Overflateteknikk as om service
og delelager for renseunitane og klargjer dei med all sertifisering
og godkjenningar før dei blir utsende. Så no har
vi ein fot innom offshore.
Me har kjøpt tilgang til Qm+ som er eit webbasert kvalitetsstyringssystem
som vi ventar oss mykje av. Og me har starta oppkøyringa
til å bli sertifisert i ISO 9000 systemet.
I 2006 starta eit samarbeid med bygging av prototype av livbåtdavit
og livbåtvinsj for store ferjer og cruiseskip, i den samanheng
fekk me tilskot for bygging av testtårn. Dette kan og
brukast til alt offsoreutstyr som skal testast etter DNW 2.7-1
standaren. Tårnet er 14 m høgt og kan teste inntil
400 tonn.
Me innleia og eit samarbeid med Wergeland Halsvik i Sløvåg
med el-installasjon i eit nytt forbrenningsanlegg for oljeslam
frå nordsjøen. Det ser ut som dette samarbeidet
utvikla seg positivt for det er meir arbeid og levering der.
Utearealet har stadig vorte utvida. I år begynte vi på
området aust for vegen med å legge rør, kummar
og planere.
Vi har hatt eit godt samarbeid med NCC, bygde kai på
Mongstad, hadde mykje arbeid i forbindelse med vannrenseanlegg
på Svartediket i Bergen. Og i 2007 ei større utbygging
på Håkonsvern.
- 2007
Pr 01.01.07 er me 28 tilsette fordelt på 24 årsverk,
4 kvinner og 6 polske medarbeidarar.
Og eg føler at me no er kommen til det stadiet som er
beskrive i siste setninga i forretningsideen. At me blir foretrekt
om vi ikkje alltid er billegast. Dette takka vere flinke medarbeidarar
som står på minst det doble av det ein kan forvente.
I april var Arne Olav Østerbø til Kina og besøkte
5 messer i løpet av to veker. Dette har resultert i at
vi vurderer eit samarbeid med div. kinesiske selskap
Våren 2007 stod 7 mål industriområde klart,
og vi kontakta bank og HNU for å få finansiert vidare
bygging.
Vi har i nokre år hatt tankar om å utvikle resirkulering
av vatn i fiskeoppdrettsanlegg, dette prøver vi å
få konkretisert igjennom eit forprosjekt som vi søker
tilskott til i 2007.
Vi har i 2007 30 års jubileum frå vi vart registrert
i MVA registeret den 19 april 1977.
|
| |
|